Fjøsopning på Huglo - Dobla folketalet

Foto: Fylkesmannen i Hordaland

Det var stor interesse for dei to fjøsa på Huglo som vart opna sist laurdag. Folketalet på Huglo vart meir enn dobla når ein fullasta ferje la til kai litt før kl. elleve. Kring 100 besøkjande, nokon i fleire generasjonar, tok turen i det flotte hausvêret.

Fyrst vart det nye tilbygget til Øystein Huglen som vart vitja. Han bygde på den eksisterande fjøsen. I den nye delen er det liggebåsar til kring 30 mjølkekyr, robot, eit eige kalverom, tankrom og kontor. Ytterveggen i gamle fjøsen er opna opp og kyrne går til det eksisterande fôrbrettet for å eta. Det er vøla ein del på det eksisterande bygget og no fungerer det òg bra for oppstalling av ungdyra. Plassen under låvebrua er nytta til inngongsparti med sluse og eit kalvekjøkken. På låven har Øystein ein rundballekuttar, med reservoar, som mater eit utfôringsbelte nedanfor. I dag produserar han ca 260 000 liter men planlegg å kome opp i 300 000.  Bygget er i isolerte betongelement med tradisjonelt undertryksventilasjon.

Foto: Fylkesmannen i Hordaland

Prosjektleiar Ola Alne med Øystein Huglen. (Foto: Fylkesmannen i Hordaland)

Foto: Fylkesmannen i Hordaland

Koplinga mellom eksisterande og ny driftsbygning. (Foto: Fylkesmannen i Hordaland)

 

Erik og Nicola Willgohs valde å bygge eit heilt nytt fritt ståande bygg til ca 400 000 liter mjølk og oppfôring av eigne oksar. Dei òg har fokus på kalveoppstallinga og har dei minste ute i igloar. Etter det vert dei flytta til eit eige rom, bak grisefjøsen. Kalvane kjem fyrst inn i fjøsen når dei er ca 4 månadar gamle og har bygd opp eit godt immunforsvar. Klauvhelse er òg viktig på dette bruket. Det er kjøpt inn ein klauvvaskar frå Nord Irland og står i roboten. Alle klauvene vert vaska og desinfisert 3 gongar i veka. I tillegg er Erik og Nicola veldig dyktige grovfôrdyrkare med høge avlingar av god kvalitet. Det er mellom anna difor at avdråtten på dette bruket er høgt og har auka enno meir etter dei flytta inn i ny driftsbygning. Bygget er av uisolerte betongelement, med gardiner i langveggene som kan opnast og lukkast etter vêret.

 

Foto: Fylkesmannen i Hordaland

Mykje luft i og fin utsikt frå fjøsen til Erik og Nicola Willgohs. (Foto: Fylkesmannen i Hordaland)

 

Nortura grilla pølser og Tine hadde med yoghurt og drikke. Det var ein flott dag og (fag-)praten satt laust.

(Foto: Fylkesmannen i Hordaland)