Mjølkeinnveging 2014

Mindre kumjølk vart levert til Tine i 2014 samanlikna med 2013

Mindre mjølk innvegd hittil i år samanlikna med 2013

Hittil i 2014 2013 %endring
Hordaland 35 186 493 36 139 911 -2,64
Voss 8 446 280 8 799 258 -4,01
Kvinnherad 4 215 818 4 305 566 -0,95
Kvam  2 993 018 2 994 980 -0,07
Etne 3 018 028 3 051 182 -1,09
TINE vest     -3,4
Landet     -2,7

 

Hordaland har ein nedgong på 2,64 % i forhold til samme månad i fjor.  Alle dei «store mjølkekommunane»  har hatt nedgong.  Dei  utgjer på årsbasis vel  50 % av totalmengden i Hordaland.
Kvotane er dei same som  i fjor hjå dei fleste.  Produksjonen lågare, men litt betre enn landet.  Landet totalt med Q-meieriene har levert 2,7 % mindre dei 5 første månadane.
Sjølv om leveransane av kumjølk i år er lågare enn i 2013, vurderes voluma frå TINE til å vera tilstrekkelege i forhold til behovet framover. 
Forutsett at vi får ein normal fôrsituasjon i sommar.
Det rapporterast om gode avlingar dei  fleste plasser i Hordaland og hausteforholdene har vert gode.  Kan det tilseia at vi får meir mjølk dei neste 7 månandane ?
Oppfôrdring til dei som ikkje hadde kvotefylling i fjor er å auka avdråtten pr årsku. I mange tilfeller skal det ikkje så mykje til. Ta kontakt med fagrådgivarane i fôring.
Det er nesten alltid økonomi  i å fylla kvoten.  Har du  kjøpt eller leigd kvote er kvoteoppfylling endå viktigare for økonomien.
Livdyrmarkedet har eit stort underskott på både kvige- og oksekalvar. Det kan tyda på lite produksjonsdyr.  Når mjølkemengden pr ku går opp vil ein få færre kyr (når produksjsonen  er den same) og dermed færre kalvar.