Opning av 2 kufjøser på Huglo 8. okt.

Stolte bønder og leverandører inviterar til nyopning av 2 kufjøs, laurdag 8. okt kl 11.00

Laurdag 8. oktober kl. 11.00 vert fyrst fjøset til Øystein Huglen opna. Han bur eit steinkast frå ferjekaia. Her har han bygd eit tilbygg med liggebås avdeling og robot. Fôrbrett og kvigeoppstalling er i det eksisterande bygget. 

Erik og Nicola Willgohs har bygd eit heilt nytt fjøs med mellom anna ein klauvvaskar. Her møtast vi kl. 12.30. Det vert servert grillmat og drikke av Nortura og Tine. 

Fagprat og kudrøs. Alle er hjarteleg velkomne! 

Sjå vedlegg for ferjetider og meir.