Opning av nytt kufjøs på Tysnes

Foto: Ola Alne

Nok eit nytt mjølkefjøs er teke i bruk. Velkomen til opning!

Eit nytt og moderne mjølkefjøs vert synt fram laurdag 16. september kl. 11.30.

Hjå Olav Teigland, Teiglandsvegen 141, Tysnes.

Fjøset er utstyrt med mellom anna mjølkerobot, velferdsavdeling, bandfôring og kanalomrøyring. 

Det vert òg fagtema om fôring med tanke på grovfôrsituasjonen i år. Med Svanhild Aksnes Botnen, fôringsrådgjevar i Tine. 

Det vert grilling og servert Tine produkt. 

Arr. Sunnhordland Produsentlag, i lag med "Storfeprosjektet i Hordaland".