Ordførar på Voss opna fjøset til Kari og Hans Skeie

Foto: Ola Alne

Laurdag 17. september var det opning og visning av det nye fjøset hjå Kari og Hans Skeie på Voss. Det var mykje folk innom for å vitje fjøset som har plass til ca 70 mjølkekyr og ungdyr. 

Hans Skeie presenterte kort om prosjektet og framheva spesielt at det ikkje hadde vore gjennomførbart utan støtte frå familien. Ordføraren Han Erik Ringkjøp sto for den offisielle opninga med snorklipping og stor applaus frå publikum. 

Prosjektleiaren, Ola Alne, ved Storfeprosjektet i Hordaland hevda at om fylket skal oppretthalde mjølkeproduksjonen så treng ein båe store og små einingar. 

Elles var det helsingar frå Voss Sparebank, Nortura, Geno, Tine og Felleskjøpet. Sist nemnte var leverandør av bygget og I-mek.

Ved grillmat (frå Nortura) og drikke og desert (frå Tine)

 

Fjøset til Kari og Hans Skeie

Foto: Ola Alne

Skeie bygde med betongsiloar

Skeie bygde med betongsiloar

Foto: Ola Alne

Det kom mykje folk

Foto: Ola Alne