Om prosjektet

Organisasjonane i Hordaland er samde i at det skal jobbast med å styrke og vidareutvikle mjølke- produksjonen i fylket. Det har heilt sidan 2002 vore ei ekstra satsing på mjølkeproduksjon i Hordaland.

Vi satsar på mjølk i Hordaland er ei vidareføring av fleire tidlegare prosjekt: Økomjølk Vestlandet 2002-2003, Vi satsar på mjølk i Hordaland 2004-2006. Vi satsar på mjølk og storfekjøt i Hordaland 2006-2008 og Storfeprosjektet i Hordaland 2008-2012.

Prosjektleiar: Ola Alne frå TINE Rådgjeving og medlem er prosjektleiar

Styringsgruppa: består av representantar frå dei ulike organisasjonane.
  • Kari Elsa A. des Bouvrie, Fylkesmannens landbruksavdeling
  • Ole Andreas Smette, Innovasjon Noreg
  • Lars Bø, Hordaland Bondelag
  • Åse-Marie Reisæther, Hordaland Bonde- og Småbrukarlag
  • Bjørn Halvor Åsland, TINE Meieriet Vest
  • Roy Erik Hetland, Nortura
  • Birger Morten Veland, FK agri

Arbeidsgruppa
I tillegg til styringsgruppa er det oppretta ei arbeidsgruppe. Denne gruppa skal vere ein sparringspartnar til prosjektleiar. Arbeidsgruppa består av prosjektleiar Ola Alne, Roy Erik Hetland (Nortura), Birger Morten Veland (FK) og Kari Elsa A. des Bouvrie (FMLA).